-

Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Når du har født eller adoptert eit barn, vil helsestasjonstenesta ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. Helsestasjonen får rutinemessig melding om fødsel frå sjukehus. Nytilflytta familiar vert oppfordra til å ta kontakt med helsestasjonen i sitt område.

Helsestasjon 0-5 år

Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål eller opplever utfordringar i foreldrerolla. Tenesta er gratis.

På helsestasjonen treff du helsesjukepleiar og lege. Helsestasjonen har eit fast program for oppfølging og helseundersøking av barn. Oppfølginga vert individuelt tilpassa, og nokre familiar får tilbod om oppfølging utover programmet. Helsestasjonane har fysioterapeut tilgjengeleg, og i Florø treff du i tillegg familierettleiar og psykolog.

For meir informasjon: sjå her

Jordmorteneste og svangerskapsomsorga

Vi gjev tilbod om kunnskapsbasert svangerskapsomsorg, for å bidra til ein helsefremjande livsstil, eit normalt svangerskap, ein naturlig fødsel og ei trygg barseltid for den nye familien.

Jordmor og fastlege er ansvarspersonar i eit tverrfagleg samarbeid, og skal sikre eit samanhengande og differensiert tilbod.

Du må sjølv bestille time til svangerskapskontroll. Svangerskapsomsorga er eit gratis tilbod.

For meir informasjon: sjå her

 

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år.

Skulehelsetenesta arbeider for å fremje god helse blant born og unge og styrkje deira meistring av kvardagen gjennom helseopplysning, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjon. Skulehelsetenesta kan gi råd og rettleiing om fysisk, psykisk og seksuell helse.

Skulehelsetenesta har i tillegg til fastsatt program, også lokale tilbod på enkelte skulesteg. Skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar og skulelege. Vi kan samarbeide med andre etter behov og avklaring med eleven og eventuelt føresette. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, fysioterapeut, psykolog/psykiatrisk sjukepleiar. Alle dei tilsette i skulehelsetenesta har teieplikt.

For meir informasjon: sjå her

På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.
Tilbodet er gratis for ungdom opp til 20 år.
I Florø vil det alltid vera jordmor, helsesykepleiar og lege tilstades. I Måløy treff du helsesykepleiar. Dei kan gje deg råd og rettleiing eller vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov.

HUSK: me har teieplikt!

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

 

Kontaktinfo

Namn: Kinn helsestasjon, avd. Florø

Telefonnummer.: 57 74 00 04
Adresse: Sunnfjord medisinske senter, Hans Blom gt. 39, 1 etasje
Kontortid: Torsdager 14:00 – 17:00

Namn: Kinn helsestasjon, avd Måløy

Telefonnummer: 91 24 61 17/ 47 97 03 11

Adresse: Rådhuset, underetasjen

Kontortid: Onsdagar 14:30 – 16:30

Familiehjelpa er eit gratis tilbod, og du treng ikkje tilvising.

Det er mange vegar til å få det betre i livet når du har det vanskeleg. Utforsk gjerne våre tilbod for å sjå om noko av det kan passe for deg. Vi har ulike aktivitetar og grupper som du kan vere med på, samt samtalar. Dersom du er usikker på kva som vil vere riktig for deg, kan du ringe oss så hjelper vi deg på riktig veg.

Kontaktinfo:

Familiehjelpa avd. Måløy: 41 48 79 54

Familiehjelpa avd. Florø: 46 84 95 57

For meir info, sjå her

Haffen ungdomshus ligg midt i Florø sentrum og har ope 4 dagar i veka. Haffen er eit gratis lågterskel tilbod for ungdom mellom 13 og 18 år.

Torsdagane er Haffen open for eldre ungdom, som studentar på vidaregåande skule, lærlingar og forkurselevar.

Åpningstider
Måndag: kl.18:30-21:30
Onsdag: kl.18:30-21:30
Torsdag: 19:00-22:00 (for Vgs, Lærlingar og Forkurselevar)
Fredag kl. 19:30-23:30

Følg oss på sosiale media:
Facebook: @haffenungdomshus
Instagram: @ungdomshuset_haffen
Snapchat: @haffenfloro

Adresse: Haffen ungdomshus, Torggata 1, 6901 Florø

Måløy ungdomsklubb er open for alle frå og med 8 klasse.

Åpningstider er fredagar fra 19:00 – 23:00.

Adresse er Turnhallen i Måløy, lengst nord i Gate 1.

Kontaktperson: Carina Takle- Hillersøy

Telefonnummer: 976 17 293

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikre at barn og unge som lev under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Vi som jobber i barnevernstenesta er stort sett barnevernspedagogar eller sosionomar.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har vi frist på ei veke til å konkludere om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månader. Ved endt undersøking skal barneverntenesta ha konkludert korvidt undersøkinga skal henleggast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak som omsorgsovertaking i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, mottek frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan vere foreldrerettleiing, støttekontakt, besøksheim eller økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg vi stor vekt på samtaler med barna for å få fram korleis dei opplev sin eigen situasjon.

Kontaktinfo

Barnevernet sin mottakstelefon: 57 75 68 00

open vekedagar (måndag – fredag) 08:00 – 15:30

Beredskapsvakt for barnevern: 47 45 72 72

Beredskapsvakta kan kontaktast ved akutte hendingar, er open kvardagar 15:30 – 08:00 og heile døgnet i helg- og heilagdagar.

Alarmtelefonen for barn og unge

116 111 (gratis)

Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet i barnehage.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

PP-tjenesten skal også bistå barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, dette kan skje gjennom lærande nettverk som er temabasert eller generelle.

Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part. PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:

Søknad om tidleg eller utsett skulestart
Spesialpedagogisk hjelp
Spesialundervisning
Fritak frå opplæring
Punktskriftopplæring
Teiknspråkopplæring
Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen. For meir informasjon: Sjå her

Kontaktinfo

Telefonnummer: 57 75 61 26

 

Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle deler av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Dersom du har utfordringar med din psykiske helse eller rus, kjenner deg deprimert, har angstplager eller har opplevd noko traumatisk, kan du få hjelp gjennom kommunen si psykiske helseteneste.

Open i Måløy: 08:00 – 20:30 alle dagar. Adresse: Sparebankbygget, Gate 1. nr 57, 4 etasje

Open i Florø: 08.00 – 22.00 alle kvardagar, og frå 10:00 – 17:00 laurdag og søndag. Sunnfjord medisinske senter, inngang nord, 3 etasje

For meir informasjon: Sjå her

Kontaktinfo

Telefonnummer: 97 99 18 04 (Florø)/ 91 63 92 29 (Måløy)

SLT står for samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Målet er at barn og unge i kommunen skal få riktig hjelp til riktig tid av eit hjelpeapperat som samarbeider godt på tvers av einingar og faggrupper. Rus og kriminalitetsførebyggjande arbeid er ein sentral del av forlkehelsearbeidet og det førebyggjande arbeidet for barn og unge i Kinn kommune. Kommunen har eit kriminalitetsførebyggjande samarbeid med politiet i Kinn kommune.

Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

Familievernet tar imot enkeltpersoner, par og familier. Hvert år kommer rundt 110 000 mennesker til familievernet for å få bistand til parforholdet, foreldresamarbeid, ulike utfordringer i familien eller mekling. Noen ganger møter vi også utvidet familie, i saker som for eksempel handler om generasjonsproblemer, særkullsbarn, ny familie, samspillsvansker eller kultur- og minoritetsspørsmål.

De yngste blir prioritert hos oss. I perioder med mye pågang vil derfor familier med hjemmeboende barn bli prioritert først.

Alle som opplever vansker, konflikter eller kriser i familien kan få tilbud om behandling og rådgivning fra familievernet. På familievernkontorene møter du blant annet psykologer og sosionomer med videreutdanning i familieterapi.

Familievernet krever ikke henvisning fra lege eller lignende
Du tar selv kontakt for å gjøre en avtale med ditt familievernkontor
Det er helt gratis å benytte seg av tjenesten
Vi har taushetsplikt

Kontaktinformasjon:

Familiekontora for Sunnfjord og Sogn
Vårt kontor dekker kommunene Askvoll, Aurland, Balestrand, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal.

telfonnummer: 46 61 92 80

familiekontora.sunnfjord-sogn@bufetat.no
Post- og besøksadresse Førde:
Storehagen 1B
6800 Førde

Nordfjord familiekontor
Vårt kontor dekker kommunene Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy.

Kontoret er en egen stifting. Alle familievernkontor arbeider etter samme lover og regler. Du trenger ikke henvisning for å komme til oss.

De aller flest kontorer har ordinære åpningstider gjennom sommeren. Alle har betjent telefon. Der det er avvik vil telefonsvareren gi informasjon om dette.

E-Post: familiekontoret.nordfjord@bufetat.no
Post- og besøksadresse:
Lotevegen 23,
6770 Nordfjordeid

Vi gir tilbod til born, ungdom og familiane deira i kommunane Askvoll, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Naustdal og Solund.

Tilbodet består av ulike typar tverrfagleg utgreiing- og poliklinisk behandling, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule og barnehage med meir.

Dei vanlegaste tilstandane som vi behandlar er: Angst, depresjon, uro og konsentrasjonsvanskar, reaksjonar knytt til akutt krise/traume, eteforstyrringar og anna.

Kontaktinformasjon for innbyggarane i Florø:

Oppmøtestad
Hovudinngangen ligg i Svanehaugvegen 6, på sørsida av Dagabygget.

 

Under bygginga av det nye sjukehuset er det ikkje ordinære parkeringsplassar i nærleiken av hovudinngangen.

Rådet er å parkere på pasientparkeringa og gå langs Svanehaugvegen til hovudinngangen.

Telefon
57 83 92 07
Måndag til fredag 08.00 – 15.30.
E-post
post@helse-forde.no
Postadresse
Helse Førde, Førde BUP, postboks 1000, 6807 Førde.

For meir informasjon: Sjå her

Kontaktinformasjon for innbyggarane i Måløy:

Oppmøtestad
Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

Telefon
57 86 43 50
Måndag til fredag 08.00 – 15.30.
E-post
post@helse-forde.no
Postadresse
Helse Førde, Nordfjord BUP, postboks 1000, 6807 Førde.

For meir informasjon: Sjå her

 

 

Krisesenteret i Sogn og Fjordane er en privat stiftelse som yter lovpålagte tjenester til alle kommunene i Sogn og Fjordane som finansierer driften. Senteret er lokalisert i Florø og har 12 ansatte.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane ble etablert i 1985 av Krisesenterrørsla i Sogn og Fjordane med følgende formål:

a) hjelpe kvinner som har vore utsette for fysisk og/eller psykisk mishandling

b) å drive haldningsskapande arbeid ved å synleggjere og skape debatt om den private volden. Stiftinga er ein politisk og religiøs nøytral organisasjon. Tilbodet skal vere eit lavterskeltilbod som er ope heile døgnet og dei som tek kontakt skal vere sikra anonymitet. Tilsette på Krisesenteret er medmenneske som gir kvinnene og barna deira omsorg og tryggleik.

Kronerulling og gaver fra lag, organisasjoner og privatpersoner gjorde det mulig for Krisesenterrørsla å kjøpe et hus. Drifta av Krisesenteret har vært basert på tilskudd fra kommunene i Sogn og Fjordane og Staten, Fylkeskommunen, Helse Vest og gaver.

Ideologien bygger på solidaritetstanken- kvinner hjelper kvinner.

Den 1.1.2010 ble Krisesenterlova satt i verk. Intensjonen med denne lova var å sikre et tilbud til voldsutsatte, fordi det har vist seg å være et svært godt tilbud. Krisesentrene ble opprinnelig startet av kvinner for kvinner med utspring fra kvinnebevegelsen sin kamp mot vold og undertrykking av kvinner. Den nye Krisesenterlova skiller ikke mellom kjønn og gir også menn rett til et krisesentertilbud ut ifra likestillingsperspektivet.

Med bakgrunn i dette vedtok Styret for Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane i 2010 at senteret også skal gi et tilbud til menn som er utsatt for vold i nære relasjoner. Vi driver disse tilbudene i separate hus i samsvar med loven som sier at tilbudet til menn ikke skal være samlokalisert med tilbudet til kvinner.

Kontaktinformasjon:

Du kan ta kontakt med Krisesenteret hele døgnet dersom du har akutt behov for å snakke med noen, eller trenger å komme til oss. Dersom du trenger råd/veiledning, eller avtale tid for samtale på dagsenteret vårt, er det best å ringe mellom 08.00-15.30 på yrkesdager.

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Postboks 188,
6901 Florø

Telefonnummer: 57 74 36 00

For meir informasjon: Sjå her